Sondre Bratland

 

Ingen kan som Sondre Bratland smelta saman norsk folkemusikk og country på en så truverdig måte. Sondre har samla stoff og impulsar frå så forskjellige himmelstrok som Telemark, Buthan, Pakistan, Irland og Amerika.

Gjennom dei siste 30 åra har Sondre Bratland markert seg som den viktigaste folkesongaren i Noreg. Dette har han gjort gjennom innsamling, undervisning, konsertar og plateutgjevingar. Han har gitt ut 13 soloalbum og medverka på 25 andre album. Plateselskapet hans gjennom alle desse åra har vore Kirkelig Kulturverksted. Kyrkja er Sondre Bratlands viktigaste arena, og han har halde konsertar i meir enn 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord. Men han syng og på jazzklubbar, kulturhus og festivalar.

Religiøs folkesong er Sondre Bratlands spesialområde, men uttrykket hans spenner frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangrar og slik gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum.

Saman med organisten Iver Kleive har han skapt ein ny sjanger innan norsk salmesong, og saman med dirigenten Grete Pedersen og Oslo Kammerkor skapt nye songuttrykk i norsk kortradisjon. I eit samarbeid med den pakistanske artisten Javed Bashir har han nytta songen i arbeidet med dialog mellom muslimar og kristne

Sondre Bratland har tonesett tekster av bl.a. Olav H.Hauge, Tarjei Vesaas og Olav Mosdøl, og han har skrive tekster til Irske folketonar, og omsett tekster av Hank Williams.

Hausten 1996 spela han hovudrolla i «Juleevangeliet», ei oppsetjing på Det Norske Teateret.

I tillegg til mange songoppdrag i Noreg, har han også hatt konsertar i Sverige, Danmark, Island, Færøyane, Belgia, Tyskland, USA, Palestina, Pakistan og Buthan.

I 1982 fekk han Spellemannsprisen for «Pilegrimens Sangbog»
I 1986 fekk han Vinje kommunes kulturpris.
Frå 1997 var han Statsstipendiat
I 2003 fekk han Telemark fylkes kulturpris.
I 2007 fekk han ein pris frå Folkelarm for plata ”Dialogue” saman med Javed Bashir